blogg

700 PÅ AFTENSONG MED SUNNO)))

Det legendariske kunstmetall-bandet SUNNO))) flaug eins ærend til Bergen for å spele i Bergen Domkirke for to veker siden. Det var ei rekke djupe musikkhistoriske grunnar til det. 700 frammøtte, tilreisande publikum frå heile Europa og ståande ovasjonar bekrefta at aftensongen i Domkirken var vellukka. På kommentarplass i Bergens Tidende blei konserten med det amerikanske bandet til og med brukt som eit argument i diskursen om kva plass kulturen bør få i kyrkjene i byen.

Borealis legg ut ekslusive youtube-snuttar med SUNNO))) i Domkirken om kort tid. Andre youtube-opptak frå årets festival ligg allereie ute på borealis sine youtube-sider - og fleire er på veg.
<   >

SUNNO))) midtvegs i aftensongen