blogg

FØRST ELEGIEN AV RILKE

Eit av verdslitteraturens største og dystre diktverk - Duino-elegiane av Rainer Maria Rilke (1922) - er utgongspunktet for opningsverket til Emmerhoff & The Melancholy Babies 11 mars. Verket speler også ei viktig rolle for konserten med Dansk Radiokor, Bjørnar Habbestad og Alvise Vidolin i Johanneskirken den 12 mars. Tomas Espedal ser nærare på dikta måndag 12 mars og laurdag 17 mars.


Aschehoug forlag har gjeve oss velvillig tillating til å trykke eit utdrag (omsett av Åsmund Bjørnstad):



Første elegien


Kven, om eg skreik ut, høyrde vel meg høgt i englanes
rangordning? Og sett så at ein av dei
plutseleg tok meg til hjarta: eg ville forgå av hans
overveldande liv. For det vakre er bare
det forferdeleges grense, som vi så vidt held ut,
og vi beundrar det, av di det storslått avstår
frå å leggje oss øyde. Einkvar engel er forferdeleg.
Så held eg det i meg og sluker det lokkande ropet
frå døyvde sukk. For kvar kan vi vel søkje
hjelp med dette? Hjå englar? – nei; menneske? – nei,
og dei oppvakte dyra oppfattar godt
at vi tydelegvis ikkje kjenner oss heime
i vår vedtatte verd. Så blir oss kanskje til del
eit tre der utpå skrenten, det som vi dagleg
såg att; så blir oss til del gata ifrå i går
og den forvende truskapen til ein vane
som treivst slik her, at den gav seg til for godt.
Ja og så natta, natta då vind fylt av verdsrom
tærer vårt andlet -, kven blir ikkje ho til del,
som trufast ventar på svalt å få svike kvart einskilt
lengtande hjarta. Gjer kjærleiken dette lettare?
Å, to som elskar vil helst bare bruke kvarandre som ly.
Skjønar du ikkje ennå? Hiv alt det tome du held om
ut i dei roma vi andar; kanhende vil fuglane
feire si utvida luft med ei meir inderleg flukt.

 

For vårane håpa på deg. Det venta deg
mang ei spent stjerne der, bare du såg ho. Det slo
ei båre innover deg i frå farne tider, eller
då du kom forbi, innved det vidopne glaset,
gav fiolinen seg til deg. I alt låg det oppdrag.
Men var du det vaksen? Bar du ikkje ennå i deg
ei oppspilt forventing, at kvar ting kom til deg med bod
om ei du har kjær? (Kvar skal du gjera av henne,
her hjå deg der store framande tankar
går ut og inn, ja ofte blir natta over.)
Men riv lengten i deg, så lovsyng dei elskande; ennå
er deira vidgjetne kjensle ikkje udøydeleg nok.
Dei svikne du nesten misunner visst, viste deg
kjærleik som langt overgjekk dei tilfredses. Så
stem alltid i deira aldri fullverdige hylling; hugs:
helten blir ved, sjølv undergangen
var bare eit påskot, å vere: hans endelege fødsel (...)

 


(Les meir i festivalmagasinet - frå tysdag 20 februar)

 

Rainer Maria Rilke