blogg

–– KOR KAN EG FINNE GRIEG-PLATER I MILANO?

Tyrol og Dolomittane ligg ikkje langt frå Milano. Det var ein av grunnane til at den eksentriske italienske komponisten Niccolo Castiglioni (1932-1996) valde å pendle mellom stadane. Han elska heimbyen sin Milano men kunne ikkje kome seg ofte nok til Tyrol. Det var oppe i fjella han fekk dyrka komposisjonen, kontemplasjonen, Grieg og naturen.

Høgt oppe i dei kalkfjellmassive Dolomittane - i landsbyen Bressanone - hadde han funne komponiststova si. Og det var til stova der oppe han lengta då han stod ved kateteret ved Konservatoriet i Milano og underviste elevar i komposisjon. Den same skulen som han sjølv hadde studert ved. Ein av studiekameratane heitte Claudio Abbado og studerte direksjon. Han har m.a. vore sjefsdirigent ved Berlinerfilharmonien - eit av verdas framste orkester. Medan Abbado blei superkjendis vart Castiglioni ein loner som trakk seg vekk, og gjekk inn i gløymsla og opp i fjella.

Abbado fortel i memoara sine at han særleg hugser eksamensverket i komposisjon Castiglioni skreiv. Det fekk stor merksemd og blei til og med vald ut av eit orkester i Milano. Det var litt av ei anerkjenning å bli framført av eit stort orkester rett etter eksamen.

Niccolo spelte elles piano med overmenneskeleg teknikk - men valde å aldri satse på solistkarriere. Han satsa på komposisjon og filosofi. Etterkvart førde livet oss i totalt ulike retningar - og langt frå einannan. Me møttest faktisk aldri igjen men eg gløymer aldri denne uendeleg reserverte personlegheita - med ein intelligens som gjorde han heilt unik. Og han forlot verda i 1996 - i einsemd - slik han hadde levd livet. Igjen står musikken - ei utruleg gåve til oss alle.


San Candido i Tyrol



Medan Castiglioni sjølv levde i einsemda var musikken hans full av lys, og han følte særleg at han var i slekt med Edvard Grieg. Og etterkvart som han vart eldre vart han meir og meir oppteken av bergenskomponisten. Pianisten Bruno Canino fortel at ein gong han møtte Castiglioni i ein bar i Milano var han fullstendig oppsett på å spørje han omatt og omatt om han likte Grieg. "I tillegg spurde han meg ustanseleg om kor ein kunne få kjøpt Grieg-plater i Milano? Det var underleg følte eg - at ein milanesar spør ein napolitanar som meg kor ein kunne kjøpe Grieg i Milano. Det syntest eg var veldig rart. Men sånn var han. "

Ein annan nær ven av Castiglioni er den italienske kritikaren og musikkvitaren Enzo Restagno - no sjef for den framste klassiske musikkfestivalen i Italia - Torino Settembre Musica. Han drog ofte til Tyrol for å besøke komponisten, og fortel om ein gong dei sat på stasjonen i fjellbyen San Candido - ein vakker fjellby i Dolomittane - og venta på toget:

"Hit drog også Gustav Mahler for å komponere, og ofte snakka eg og han om det. Eg tok meg ofte i å seie at eg syntest naturen var så fantastisk fin her oppe. Då svarte han alltid: desse engene er ikkje berre fine. Dei er gode. Enga er god." Og det var eigentleg hans signatur på korleis han var som menneske. Han gjekk rett inn i den romantiske og panteistiske tradisjonen - nett som Mahler gjer i sin tredje symfoni. Der skriv Mahler ein stad: "Was mir die Blumen auf der Wiese erzählen" (Kva blomane i enga fortel meg). Dette var ikkje natur med menneskelege eigenskapar han såg for seg - nei det var natur som overordna verdigheit.

Ved siden av dei mystiske opplevinga av naturen var også musikaliteten hans heilt spesiell. Restagno meiner at Castiglioni sine evner til å skape nye melodiar, rytmar og klangar var heilt utanom det vanlege. Og denne klangen høyrer på mange måtar heime i Noreg - men har sjelden eller aldri blitt spelt her før.

Referanse: Ricordi: Niccolo Castiglioni 1932-1996, Milano, Italia


Framføringar av Castiglioni under Borealis:

Castiglioni-ekspertane Ensemble Risognanze frå Milano speler "Tropi", "Capriccio" og "Masques" av Castiglioni under opninga søndag den 11 mars klokka 1900.

Danmarks Radio Vokalensemble syng "Hymne" av Castiglioni måndag den 12 mars klokka 1900.
<   >

Heimbyen til Castiglioni - Milano