blogg

EMMERHOFF & THE MELANCOLY BABIES OPNAR FESTIVALEN MED TINGINGSVERK OM ENGLAR, DEMONER OG STOR ANGST

Dei lokale rockarane Emmerhoff & the Melancholy Babies har ei urframføring på årets Borealis-program: ei nytolkning av eit av dei største og eksistensielle eposa i den tyske litteraturen: Duino-elegiane av Rainer Maria Rilke. Dette gjer bandet på tysk og engelsk. Det same verket framfører også det briljante Dansk Radiokor (saman med fløytisten Bjørnar Habbestad og klangregissør Alvise Vidolin (it)) med tonar av festivalprofil Luigi Nono. På same konserten syng dei danske meistrane Gesualdo, Bent Sørensen og Castiglioni - ein konsert Borealis skiper til i samarbeid med Festspillene i Bergen og Bergen Senter for Elektronisk Kunst.

 

Forfattaren Tomas Espedal som i ei årrekke har vore fast Borealis-navigatør skal også drøfte Rilke og musikken - på sitt underfulle vis. Det gjer han på Landmark 12 mars klokka 17.

 

Meir om Emmerhoff-konserten her:

 

 

<   >

Emmerhoff & The Melancholy Babies