blogg

SAARIAHO - KOMPONIST OG DRAUMETYDAR

Kaija Saariaho er ikkje berre ein stor komponist - ho er også ein lyrisk filosof og draumetydar. Det ser ein i verkommentarane hennar. Me har omsett fleire av desse for anledninga.

Orion: son til sjøguden
Bileta av natt, draum, myter og mysterium langt borte er alle saman sentrale i Kaija Saariaho sine verk. Det les ein i titlar som Grammar of Dreams, Wing of the Dream, Caliban’s Dream, For the Moon, Graal Theatre, The Castle of the Soul, og den store operaen ho komponerte til tekst av sine gode ven - den kjende romanforfattaren - Amin Malouf. Den heiter "L’amour de Loin" som tyder "kjærleik på avstand".

"Orion", som er det store orkesterverket Harmonien speler, er ikkje noko unnatak. Her står den mystiske og eventyrlystne jegaren i gresk mytologi i sentrum: Han var menneskesonen til sjøguden Neptun (Poseidon). Då Orion døydde plasserte Zevs han i himmelkvelvinga som eit lysande stjernebilete. Orion er difor ein kombinasjon av eit hyperaktivt menneske og ein urørleg himmelsk lekam. Det er det poetiske utgangspunktet for orkesterverket "Orion".

Verket blei urframførd av Cleveland Orchestra.

Blir framførd av Bergen Filharmoniske Orkester 15 mars.



Nattvind
Ideen bak verket "Vent nocturne" som betyr Nattvind fekk Kaija Saariaho då ho las ein tospråkleg versjon av dikta til Georg Trakl. Ho brukte synkronisiteten mellom dei to språka - tysk og fransk - som inspirasjon for å jobbe med eit stykke for bratsj og elektronikk. Dei to instrumenta, om ein tenker på elektronikken som ein instrumentalstemme, jobbar mot og med kvarandre, som to språk.

Verket er i to delar: 'Mørke spegl' og 'Mørkets pust". (...) Og Saariaho fortel sjølv: "Lyden av bratsj har alltid gitt meg assosiasjonar til pusting - som saman med vind blei den viktigaste delen av elektronikkstemma.

Urframførd av Garth Knox i 2006.

Blir framførd av Garth Knox fredag 16 mars

 

 

Terrestre: vidare og djupare
Dette verket er ei bearbeiding av andresatsen i fløytekonserten til Saariaho og er komponert til fløytisten Camilla Hoitenga. Tittelen er frå eit dikt av Saint-John Perse som heiter "Oiseaux" (Fuglar). Her fortel diktaren om fugleflukta, og bruker ei rekke veldig rike fugleskildringar som metaforar på livets mysterium. Dette kan også tenkast å vere ein likskap til den franske komponisten og ornitologen Messiaen - som Tor Grønn framfører i Domkirken den 18 mars. Men nei, Kaija Saariaho er meir oppteken av idéen fugl enn av fuglesongen. Den første delen av Terrestre refererer til ein aboriginarlegende om ein fugl som var så utruleg god til å danse. Etterkvart lærer den heile landsbyen å danse. I den andre delen av verket er fuglen blitt ein liten satelitt i den universelle kretsen. Dette poetiske biletet bringer fram eit motto Kaija Saariaho noterte seg då ho var svært ung: "Eg vil gå vidare og djupare".

BIT20 speler Terrestre som forspel til Borealis i Lysverket søndag 11 mars kl 14:00

 

Endå fleire finn ein i festivalmagasinet vårt frå 20 februar

 

Kaija Saariaho - draumetydar og komponist Foto: Maarit Kytöharju/Fimic