KAIJA SAARIAHO MASTERKLASSE

HANSAKVARTETTEN: "Steingarden" av Kenneth Sivertsen

Kl 2300
Stad: Logen

Kenneth Sivertsen forlot Vestlandet og resten av verda juleaften 2006. Mange meiner at med han mista landskapet vårt ein av våre framste komponistar. Berre 45 år gamal. Då han var 27 byrja Sivertsen på eit av sine viktigaste verk som kjem til å stå stødig etter han: strykekvartetten "Steingarden". Han brukte tre år på kvartetten, og det var Hansakvartetten - som Sivertsen ofte arbeidde saman med - som uframførde den. Saman gjorde dei ei rekke prosjekt i lag og kvartetten er blitt ståande som eit høgdepunkt. Ikkje minst som eit originalt verk med mange satsar og formeksperiment.

Då Hansakvartetten spelte inn "Steingarden" på plate i 2001 skreiv 1.fiolinist  i kvartetten Ricardo Odriozola i cdomtalen: "Sivertsen skriv for strykekvartetten med tydeleg mangel på respekt for den lange og mektige tradisjonen som er assosiert med denne musikalske formen. Det resulterar i augneblenk fylde med stor originalitet som blir til, grunna dei uvanlege krava til musikarane samt dei uvanlege musikalske kombinasjonane han koker saman."