JANICKE SCHØNNING: PENN

CHRISTIAN WALLUMRØD ENSEMBLE: The Zoo is Far

Kl 2300
Stad: Logen

Christian Wallumrød kjem til Bergen med nytt ensemble og ny plate på ECM:The Zoo Is Far. Dette er gjennomkomponert musikk med referansar til både barokk, folk- og samtidsmusikk. I likhet med barokkmusikken held kvart stykke seg til ein karakter eller ein stemning. Plata vekslar mellom flytande barokke melodiar med blåtonar til abstrakte teksturar og satsar som helsar til Olivier Messiaen. Den originale kvartetten med piano,fele/hardingfele, trompet og perkusjon er utvida med cello og barokkharpe, noko som gir eit fyldigare og meir monumentalt preg til den likevel skjøre
musikken.