OPNING BANKS VIOLETTE-UTSTILLING:

OPNING BANKS VIOLETTE-UTSTILLING:

Kl 2000
Stad: NO. 5 - BERGEN KUNSTHALL

Skjelett av ei nedbrend stavkyrkje. Ein vrengd gitar durer i rommet. Når tilskodaren nærmer seg stavformasjonen byrjer den forvrengde tonen å bli endå meir vrengd. Eller: Eit gigantisk heavy metal-slagverk står midt i galleriet og trommene er bytt ut med svarte demoniske hoggtenner. Eller: Forsterkarsystemet og instrumenta til kunstmetallbandet Sunno))) står oppstild med eit tjukt lag salt strødd over seg.

Dette er døme på installasjonar laga av den unge New York -kunstnaren Banks Violette - årets Borealisutstillar i Kunsthallen. Paletten hans er mørk, melankolsk og fyld med referansar til mørk metalmusikk og -kultur. Kunstnaren som er kjøpt opp av Saatchi og Whitney lager ein heilt ny installasjon i Bergen Kunsthall No 5 for anledninga.


Youtube film frå Banks Violette's stavkyrkje

 

Produsert av Bergen Kunsthall i samarbeid med Borealisfestivalen.

Datoar: 2 mars - 1 april

I opningstida til Kunsthallen.