Radiofyr På Byens Tak

Radiofyr På Byens Tak

Kl 1500
Stad: Bergen byrom

 

Dei første radiofyra kom i 1920-åra - og blant dei aller første i verda var radiofyret på Marsteinen. Det kom i bruk i 1923. På det meste var det 40 radiofyr i bruk langsmed norskekysten. Dei sendte ut repetetive lydsignal på bestemde radiofrekvensar. Dette var med på å hjelpe utallige store og små skip med å fi nne ut kor dei var på kartet. Og ikkje minst gjorde desse det langt sikrare å vere til havs. Få land har hatt like mange radiofyr som Noreg. Idag er det nesten ikkje eit einaste radiofyr att. GPS og andre moderne navigasjonsmetodar har teke over.

 

Borealis vil dei neste åra feire dei norske radiofyra - eit prosjekt kor både tryggleik til havs og den estetiske verdien av lydsignala blir vektlagd. Espen Sommer Eide (Alog) skal rekonstruere tre av dei mest sentrale radiofyra på vestlandet i det bergenske byrommet under Borealis 2008: Utsira, Marsteinen og Utvær. Dei vil få kvar sin unike plassering og bli spelt i serie frå tre av byens tak.
I samarbeid med Bergen sjøfartsmuseum.