I vekene før festivalen vil argentinarane øve inn eit bestillingsverk saman med lokale special people-band som Hot Shots, Amatørene, Jubelgjengen og Årstadkoret. Desse øvings-sesjonane blir like viktige for Borealis som det å arrangere masterklassar for unge komponistar med festivalkomponist Georg Friedrich Haas. Både masterklassen på elitenivå og dei lokale samspelgruppene dreier seg om lytting og openheit. Og her har dei psykisk utviklingshemma eit fortrinn - dei kan begeistre seg uhemma over både Ole Ivars og og Sciarrino. Det er ikkje alltid like enkelt for komponistane. Difor bør samtidsmusikkfestivalar ha med nett denne gruppa (livs-)kunstnarar. Ikkje minst med utgongs-punkt i analysen sosiologen Per Solvang utfører seinare festivalmagasinet:
"Utviklingshemmede forstås i dag gjennom en kategorisering som har røtter i en defekt-tenkning. Den utviklingshemmede er en som ikke kan, en som må rehabiliteres (repareres) så mye det lar seg gjøre. Vi finner samtidig en lang tradisjon som opphøyer det som er anneledes til noe besjelet og særlig begavet. Galskap og genialitet blir sett på som beslektet."
Dette gjer det naturleg å presentere festivalkomponist Georg Friedrich Haas i same program som Reynols og special people-banda. Medan Haas er i Bergen komponerar han på operaen om Lars Hertervig med premiere i Parisoperaen mai 2007. 'Lars frå Hattarvågen' er den første operalibretto Jon Fosse har skrive - basert på romanen 'Melankolia' om Lars Hertervig. Difor har Fosse late oss trykke førstedelen av librettoen i dette festivalmagasinet. Og her syng koret om att og om att medan dei mobber Lars:
"Hertervig kan ikkje male
Galne-Lars
frå Hattarvågen
han kan ikkje male"
PS: I Argentina fell mange psykisk utviklingshemma utanfor samfunnet. Det gjer Roberto og Anla sitt prosjekt til noko revolusjonerande på heimebane. Dei viser i bandet total, anti-institusjonell tillit til bandleiaren sin - komponisten og trommeslagaren Miguel Tommasin. Han har Downs syndrom. Det er Miguel og hans latinoblikk som er Borealisfestivalens høge beskyttar.