Kontakt:
Office: Vågsallmenningen 1, 5014 Bergen - - Post address: Postboks
848 Sentrum, 5807 Bergen, Norway
Tlf: + 47 55312200 - Faks: + 47 55210640
Borealis er støtta
av:
Norsk Kulturr åd,
Bergen Kommune,
Hordaland Fylkeskommune,
Fond for Lyd og Bilde, Bergens
Tidende, Bergen Kunsthall,
Norsk Komponistforening,
Griegakademiet,
Østerrikes Ambassade,
Argentinas Ambassade, Lindemans Legat, Augustin
Hotell, Komponistenes Vederlagsfond, SAS, Fritt Ord,
Bergen Kammermusikkforening, Barnas Hus, BEK, Ny Musikk Bergen,
Kunsthøgskolen
i Bergen,
NRK, norsk film, dnah-group, Transformator,
Den kulturelle bæremeisen, Logen, Artist in Residence
USF og Bergen Næringsråd
Medlemmar av Borealis er:
Ny Musikk Bergen,
Bergen Filharmoniske Orkester,
BEK,
BIT20 Ensemble,
Bergen Kunsthall,
Bergen Kammermusikkforening,
Opera Vest,
Vest-Norges Opera,
USF,
DNS,
Griegakademiet,
Pilota,
Forsvarets Divisjonsmusikk
|

Utgongspunktet
for Borealis var Music Factory og Autunnale. I 2003 vart dei samla til ein
festival. Dei to tidlegare festivalane hadde lange og sterke røter i ulike retningar - noko som gjorde dei komplementære.
Music Factory vart stifta allereie i 1987 og var særleg knytt til
det internasjonalt aktive miljøet kring BIT20 og Opera Vest i Grieghallen.
Primus motor, strateg og visjonær for festivalen fram til 1998
var Geir Johnsen - no festivalsjef i Ultima. Han hadde med seg til Bergen
erfaring frå oppbygginga av det moderne musikkmiljøet på Høvikodden.
Han hadde også vore redaktør for Prismanytt på Høvikodden
og Ballade. Noko som gjorde umiddelbart Music Factory til ein tydeleg festival
var Johnson sitt nettverk i USA. Den amerikanske pianolegenden og komponisten
Yvar Mikhashoff vart ein slags andeleg mentor og gjengangar på Music
Factory dei første åra. Seinare kom også ein rasande dyktig
skotsk pianist og komponist og gjorde årleg furore - James Clapperton.
Han var kunstnarisk leiar i 1999-2002. Øyvind Hånes var kunstnarisk
leiar i 1989. Dei heilt første åra fann Music Factory
stad på USF - difor namnet. Seinare måtte festivalen flytte til
andre tilhaldsstadar i byen. Festival-komponistane under MF har elles
vore mange og særs gode: Salvatore Sciarrino, Klaus Huber, Brian Ferneyhough,
Michael Finnisey, Helmut Lachenmann, Gavin Bryars og Julio Estrada.
Autunnalefestivalen var ei haustleg motvekt til Music Factory
og langt yngre festival. Eit lokalt iniativ der det særleg var komponistane
i regionen som hadde regien. Komponistar som Knut Vaage og Torstein Aagaard-Nielsen
var sentrale heilt frå starten av. Det same gjeld pianisten Einar Røttingen.
Dei siste Autunnale-åra var det Andrè Stene Johnsen som var
kunstnarisk leiar medan Morten Eide Pedersen var styreleiar. Utgongspunktet
for Autunnale var Nordlydfestivalen eit årleg prosjekt
i Ny Musikk-regi (eit forprosjekt for Ultima i Oslo). Då Ultima vaks
gjorde Ny Musikk om Nordlyd til ein årleg ambulerande festival som
gjekk frå by til by - m.a. Bergen. I 1997 vart Autunnale stifta som
eit underbruk av Ny Musikk Bergen og KGB - Komponistgruppa i Bergen. Den
vaks årleg og hadde ein sunn økonomisk og kunstarisk vekst fram
til festivalen blei slegen saman med Music Factory i 2003. Programma i dei
seks åra Autunnale eksisterte var rikhaldige og varierte. Komponiststorleikar
som Karen Tanaka og Hans Abrahamsen var blant gjestene. Mange vil særleg
hugse Mario Caroli sin Sciarrino soloresital i 2002. Atunnale hadde
elles eit årleg godt samarbeide med BFO med eit reint samtidsmusikalsk
program. For mange bergensarar var Autunnale eit leirbål om hausten
- når det elles skjedde lite i byen.
|
Borealis er:
Kunstnarisk leiar:
Nicholas H. Møllerhaug
Administrativ koordinator:
Anne Szefer Karlsen
Programmedarbeidar:
Øyvind Torvund
Designar:
Lasse Marhaug
Webdesign:
Espen Sommer Eide
Produksjonskoordinator:
Eirik Kydland
Produsenter:
Henrik Svanevik
Fredrik Saroea
Teknisk ansvarleg:
Thorolf Thuestad
Ansvarleg for komponist-masterklassen:
Morten Eide Pedersen
Marknads/pressekonsulent:
Agnes Kroepelien
Reknskapsansvarlig:
Mona Igland
Styre:
Rune Gaustad, styreleiar;
Aashild Grana, nestleiar;
Arne Fagerholt;
Hilde Sandvik,
Hild Borchgrevink.
Varaer:
Janne Stang Dahl,
Grethe Melby,
Roar Sletteland
Kunstnarisk råd:
Nicholas H. Møllerhaug,
Øyvind Torvund,
Maia Urstad,
Ruben Sverre Gjertsen |