blogg

ARNOLD SCHOENBERGS DOTTER TIL BERGEN

Ein eminense i moderne internasjonalt musikkliv kjem til Borealis om to veker. Nuria Schoenberg Nono vart fødd og vaks opp i Hollywood men har budd i Venezia siden 1955. Ho er dotter av den moderne musikkens far - Arnold Schoenberg - fødd under flukta hans frå nazistane i 1932. I eksil vaks ho opp med husvener som Bertold Brecht, Thomas Mann og Alma Mahler.


Idag er ho leiar for Luigi Nono Arkivet - den store samlinga etter mannen hennar - plassert i eit romansk mellomalderkloster i Venezia. Dette er eit av verdas framste arkiv for ny musikk. Komponisten Luigi Nono (1924-1990) var den store arvtakaren og modernisatoren av italiensk musikk og ikkje minst den rike venezianske komponisttradisjonen frå renessansen. Nett som Vivaldi, Monteverdi og Gabrieli brukte også Nono hyppige venezianske tonemotiv. Nuria er også president for Schoenberg-arkivet i Wien. Ho kuraterar ei utstilling om Luigi Nono som står i Bergen offentlige Bibliotek 10 - 28 mars og held foredrag om ektemannen og Venezia onsdag 14 mars.

Om foredraget til Nuria Schoenberg Nono

Meir om Luigi Nono-utstillinga


Meir om Luigi Nono-programmet under Borealis:
måndag 12 mars - 1900
måndag 12 mars - 2130
tysdag 13 mars 2130
Torsdag 15 mars - 1930

 

 

Arnold (t.v) og Nuria Schoenberg (t.h.)