blogg

DØVSTUM I VENEDIG

Rutebåtane i Venezia står og stampar i tåka. Det er januar månad. Folk er på veg heim til lunsj. Fleire har på seg høge laksestøvlar i fine fargar og dressar og ser fokuserte ut. Dei er svoltne. Båten er på veg frå den futuristiske sentralbanestasjonen Santa Lucia til Giudecca der Luigi Nono sitt venezianske hus ligg rett ved kanalen.

Ein liten, kortvaksen mann kjem inn i båten. Han har på seg rosa slitt dress. Han er kring syttifem og har store, runde solbriller som spegler alt han ser på. Han set seg rett framføre oss og ein kan sjå kanalane passere i brillene hans. Han tek fram ei blokk og skriv med fin skrift. Alle helser på han. Og han vinker forsiktig tilbake. Han veit sikkert vegen tenker me.

Signore, me skal til Giudecca. Er det langt herifrå?

Mannen ser på oss og så ned i blokka. Han ser opp att men er heilt stille. Han peiker på munnen og øyrene sine og ristar på hovudet. Så tek han fram blokka og skriv: "Ja, eg veit vegen til Giudecca."

Han tek ein liten pause:

"Eit anna namn på Giudecca er
"Lungospina" som betyr....

Så teiknar han ein fisk og peiker på ryggfinna.

"Kor på Giudecca er det de skal?"

Me svarar langsamt "Luigi Nono Arkivet". Då smiler den gamle mannen med heile andletet.

"Han kjende eg.
"Gigi" kalla me han.
Eg jobba på Feniceteateret -
operaen i Venezia som brann
og som no er gjenoppbygd."

Kva gjorde du der?

"Eg passa på sceneteppet
slik at kunstnarane kom seg ut og inn.
Eg elska jobben min. Det var forferdeleg trist då Fenice brann."

Meir skreiv ikkje den stumme mannen. Den gule rutebåten gjekk frå stopp til stopp og kanalen gjekk konkavt forbi i dei store brillene. Folk gjekk av og folk kom på. Då det stod Giudecca på båtstoppet peikte han, og me reiste oss og gjekk av. Han reiste vidare til ei av dei ytste øyene i Venezia.

<   >

La Fenice etter brannen