blogg

ITALIENSK TUNGINDUSTRI, MALCOLM X OG FABRIKKLYD ANNO 64 I JOHANNESKIRKEN

Ei av dei andre kyrkjene i Bergen blir også sentral under årets Borealisfestival. Pionèrverk frå den tidlege europeiske elektroniske musikken blir framførd i Johanneskirken - for første gong i Norden. Her vil den venezianske komponisten Luigi Nono stå i sentrum. Konsertane vil teikne dystre tidsbilete av Auschwitz , portrett av borgarettsforkjemparen Malcolm X og fabrikkarbeidarar i italiensk tungindustri.

Professor i klangregi Alvise Vidolin frå Universitetet i Venezia kjem fleire dagar i forvegen for å rigge lydsystemet i Johanneskirken. Berre slik kan Nono sine verk synge slik dei gjorde i opprinneleg i dei Venezianske basilikaene


I Bergen får den lokale sopranen Ragnhild Eide Akslen, tubaisten Eirik Gjerdevik og fløytisten Bjørnar Habbestad sentrale roller i framføringane.

 

Stad: Johanneskirken
Dato: tysdag 13 Mars
Tid: Klokka 21:00

Program:
"Ricorda cosa ti hanno fatto a Auschwitz" for solo-elektronikk
"La fabbrica Illuminata" for sopran og elektronikk
"Contrappunto Dialettico alla mente" for solo-elektronikk
"Post-praeludium per Donau" for tuba og elektronikk

Medverkande:
Alvise Vidolin, klangregi og elektronikk
Eirik Gjerdevik, tuba
Ragnhild Eide Akslen, sopran


 

 

"La Fabbrica Illuminata" frå 1964 er eit pionerverk innan elektroakustisk verk. Det laga Luigi Nono saman med fabrikkarbeidarar ved ITALSIDER-fabrikken i Genova (bilete). Første framføring i Norden blir tysdag 13 mars 21:00 i Johanneskirken. Då er sopranen Ragnhild Eide Akslen solist og Alvise Vidolin frå Venezia står bak elektronikkspakane.