
MR. ROBOTNICK FRÅ FIRENZE OG CASCO FRÅ CALABRIA - TIL BOREALIS!
Borealis fokuserar ikkje berre på italiensk melankolsk modernisme. Me konfronterar modernismen med ein litt meir folkeleg sjanger - som også har sitt snev av melankoli: italodiskoen.
I samarbeid med Italoklubben Digitalo har me invitert nord to italokongar som båe gjorde det sterkt med hits i 1983. Mr. Robotnick slo gjennom med "A Dog in the Night" og Salvatore Casco Cusato gjorde furore med "Cybernetic Love".
Stad: Landmark
Dato: Laurdag 17 mars
Tid: Rundt midnatt.
Mr. Robotnick

I løpet av festivalveka har den italienske komponisten Luigi Nono (1924-1990) stått i sterkt i fokus. No er det helg og borealis presenterar eit litt meir folkeleg italiensk musikkfenomen frå same tida: Italodisko. Denne italienske diskosjangren dukka opp på tidleg åttital og kjennarar meiner det er ein djup parallell mellom åttitalets Nono og Italodiskoen. Stikkordet er melankoli.
Ifølge Skatebård - som arbeider med Italodisko både som klubbvert og plateartist - er den store forskjellen mellom amerikansk og italiensk disko nemleg melankolien. Den amerikanske diskoen er urealistisk og sorglaus - den dyrker røtene til gospel og soul. Den italienske diskoen er derimot gladtrist og har røter inn i folkemusikken. Det unike med italiensk disko er at den gjev dei som danser eit val: ein kan både vere trist og glad på same tid.
I samarbeid med italoklubben Digitalo på Landmark har Borealis fått to av Italias største italokongar til Bergen: Casco aka Salvatore Cusato frå Calabria og Alexander Robotnick frå Firenze. Dei to er blant dei få som har halde på siden tidleg åttital og framleis held det gåande. Dei speler kvart sitt solide dansesett denne natta. Båe to hadde sine første og største hitar i 1983: Casco med låta "Cybernetic Love" og Robotnick med "Problemes d'Amour".
- 03.06.07
VIDEOS FROM SATELLITE BOREALIS/KJARTANISTAN - 28.04.07
SATELLITE BOREALIS MAY 30TH: PREMIERE - SLETTEMARK, MANHEIM (MAYHEM), MARHAUG + + - 28.04.07
BOREALIS 2008: FEBRUARY 24TH - MARCH 2ND - 25.04.07
BOREALIS-REVIEW IN THE WIRE - 06.04.07
A FONT NAMED BOREALIS - 06.04.07
SATELITT BOREALIS 20 APRIL: HARDINGCARTOONS - 02.04.07
NRK-PROGRAM OM/MED NURIA SCHOENBERG NONO - 02.04.07
YOUTUBE BOREALIS - 02.04.07
700 PÅ AFTENSONG MED SUNNO))) - 07.03.07
MIKROLUDIUM PÅ MÅNDAG: URFRAMFØRING AV SVEN LYDER KAHRS - 04.03.07
BANKS VIOLETTE: BRANN I EIT KLASSEROM - 04.03.07
DØVSTUM I VENEDIG - 28.02.07
–– KOR KAN EG FINNE GRIEG-PLATER I MILANO? - 27.02.07
ARNOLD SCHOENBERGS DOTTER TIL BERGEN - 27.02.07
VIOLETTE-OPNING I KUNSTHALLEN NO.5 FREDAG 2 MARS! - 27.02.07
RETTINGAR I FESTIVALMAGASINET - 19.02.07
- 18.02.07
SCHØNNING OG MORELL PÅ BIBLIOTEKET/LOGEN - 18.02.07
SAARIAHO - KOMPONIST OG DRAUMETYDAR - 18.02.07
FØRST ELEGIEN AV RILKE - 18.02.07
NEW WORKS AT BOREALIS - 18.02.07
GLENN ERIK SER NÆRARE PÅ SADDAM - 10.02.07
BOREALIS 07 CELEBRATES KAIJA SAARIAHO AND LUIGI NONO - 10.02.07
IMPRESSION OF IRCAM / PARIS / 1984 - 08.02.07
AKTUELLE LYDAR OG FILMAR - 31.01.07
2 februar: programmet ute! - 28.01.07
SLETTEMARK, MANHEIM OG MARHAUG: NOISE-SATELITT UNDER FESTSPILLENE - 19.01.07
BJØRNAR HABBESTAD SOLIST MED DANSK RADIOKOR - 18.01.07
SAARIAHO-MASTERKLASSE PÅ BIBLIOTEKET: OPEN FOR ALLE! - 18.01.07
MR. ROBOTNICK FRÅ FIRENZE OG CASCO FRÅ CALABRIA - TIL BOREALIS! - 17.01.07
EMMERHOFF & THE MELANCOLY BABIES OPNAR FESTIVALEN MED TINGINGSVERK OM ENGLAR, DEMONER OG STOR ANGST - 17.01.07
ITALIENSK TUNGINDUSTRI, MALCOLM X OG FABRIKKLYD ANNO 64 I JOHANNESKIRKEN - 17.01.07
BOREALIS AVSLUTTER MED KYRKJEMETALL