blogg

MIKROLUDIUM PÅ MÅNDAG: URFRAMFØRING AV SVEN LYDER KAHRS

Borealis 2007 har ein dagleg programpost som heiter Mikroludium. Det betyr fritt omsett "eit lite stykke musikk" på latin. Mikroludia på Landmark blir spelt kvar dag 12-16 mars før foredraga klokka 17:00. Mikroludia på biblioteket finn dagleg stad klokka 14:30 frå 12-16 mars. Musikarar er alle knytt til festivalen på ulike måtar.Stykke som blir framførde er m.a. av Kaija Saariaho, Laurence Crane, Christopher Fox m.fl - samt ei urframføring av den norske parisbaserte komponisten Sven Lyder Kahrs. Me kan røpe at dette stykket for gitar solo blir framførd på Landmark måndag 12 mars av gitaristen i asamisimasa Anders Førisdal. Tittelen er "Wird euch langsam namenlos im Munde".

 

Sven Lyder Kahrs (t.h ) mottek Arne Nordheims Komponistpris i 2005 frå Nordheim sjølv.