blogg

NRK-PROGRAM OM/MED NURIA SCHOENBERG NONO

Førre veke sendte NRK eit timelangt program om og med Nuria Schoenberg Nono. P2s programpost Musikk i Brennpunktet møtte henne under Borealis for eit par veker siden. Fru Schoenberg Nono var i Bergen med vandreutstillinga til Nono-Arkivet i Venezia og for å høyre ei rekke av ektemannens tidlege og seine verk. Dei som ikkje maktar å skru på nettradioen til NRK kan ein få eit lite youtube-glimt frå foredraget til Nuria Nono frå Logen Teater den 14 mars. Der medverka også den kjende tyske pianisten Stefan Litwin. På Youtube ligg også eit lite intervju med fru Nono om Fader Schoenberg frå 1974.

Den 21 mars sendte same program opptak av konserten den 13 mars med Forsvarets Divisjonsmusikk. Fleire program frå Borealis sendast i løpet av våren.
 

Nuria Schoenberg saman med ektemannen Luigi Nono (t.v) og læraren hans Bruno Maderna.