blogg

SATELITT BOREALIS 20 APRIL: HARDINGCARTOONS

Den første av fleire satelittar frå satelitt borealis blir skoten ut den 20 april. Då viser Lise Herland (Oslo/Frekhaug) sine romantiske og poetiske teiknefilmar (m.a. ein harding-cartoon!) medan lapskaus blir servert på Logen Teater. Dette er borealis sitt bidrag til "Studentimpulser" - Festspillene i Bergen sin unike dedikasjon til studentane i byen. Lineup'en denne kvelden er eksplosiv: med alt frå stjerner som Leif Ove Andsnes til Årabråt. Og Lise Herland då.

Lise Herland sitt videoprogram byrjer med "Et Dukkehjem" kor verdskjende rolleinnehavarar frå teikneserieverda speler Torvald, Sakfører Krogstad, Fru Linde og alle dei andre. "Biltur i det blå" avslutter seansen med naturromantikk frå ei tidleg og litt melankolsk teikneserieunivers til live-hardingfelespel. Felespelaren Brit Pernille Frøholm står for tonane i Logen.

 


Program for Studentimpulser
18:00: Brød og Borealis - Litt til magen og tegnefilmer akkompagnert av hardingfele!
19:15: Debatt: Kunst og næringsliv
20:15: Leif Ove Andsnes
20:40: Per Arne Glorvigen - en av verdens mest kjente traktører av bandoneon
21:15: Studentteateret Immaturus presenterer danseteater
21:40: Henning Kraggerud og Leif Ove Andsnes - Opplev globetrottere i klassisk musikk!
22:15: NHH-revyen - Pingvinen
22:30: Karin og David Park akustisk
22:45: Håvard Gimse og Leif Ove Andsnes
23:15: Tomi Paasonen - finsk koreograf med base i Berlin. Urpremiere på stykket Marcophone
23:40: Groan Alone
00:15: NHH-revyen - Ravi
00:25: My midnight creeps
01:00: Indiegranskauen DJ
03:00: Årbrot/Ryfylke - støyrock!

Logen Bar
18:00: åpner
21:15: Debatt: høy og lav kultur - relevante begreper?
22:40: Stå-opp-jazz - DJ
23:40: Musikere fra GriegAkademiets Jazz-linje
00:15: Stand up Bergen: Doffedutten

Konferansier: Trond Viggo Torgersen

Inngong: gratis m/ gyldig studentbevis

Meir info: http://www.fib.no/studentimpulser

 

"Ketchup og Sennep" av Lise Herland vart vist under Lydgalleriets Julesoirèe i desember 2006. Foto henta frå artikkel på bt.no