AVGARDE: forspel før borealis

OPNING NONO-UTSTILLING: Arkivet ved Kanalen

Kl 1300
Stad: Bergen Offentlige Bibliotek

Nono-arkivet ligg i eit mellomalderkloster ikkje langt frå den store kanalen i Venezia - Canal Grande. Nærare bestemd ved Giudecca - få hus frå Harry's Bar kor Hemingway nippa til drinkane sine. I arkivet blir noter og vakre fargerike manuskript etter Luigi Nono (1924-1990) passa på. Det var her han vart fødd og det var her han skreiv sine store politiske verk i tidlege år, og sine melankolske portrett av den mytiske byen i Lagunen.

 


Og ein del veker før festivalstart la ein båt til kai utanføre klosteret. Formålet var å å hente manuskript frå arkivet og frakta dei nord til Bergen. Slik har kunst alltid blitt frakta i Venezia. Nuria Schoenberg Nono - enka etter Luigi har sjølv satt saman utstillinga ved Bergen Offentlige Bibliotek. Ho er også president for arkivet etter den verdskjende far sin - komponisten Arnold Schoenberg. Fru Schoenberg Nono held foredrag om Nono sitt Venezia og arkivet - onsdag 14 mars.

Utstillinga er kuratert av Nuria Schoenberg Nono og Nono-Arkivet i Venezia. Er open i opningstida til Biblioteket - fram til 28 mars.

Filmklipp frå Youtube: Utsikta frå Giudecca der Luigi Nono budde