BANKS VIOLETTE: Mørk og dur og vreng

EMMERHOFF & THE MELANCHOLY BABIES: The Duino Elegies (Festivalopning)

Kl 2130
Stad: Logen

EMMERHOFF, ENGLAR OG DEMONAR
Den austerrikske diktaren Rainer Maria Rilke skreiv Duino-elegiane hovudsakleg gjennom søvnlause netter i sentral-europeiske slott. Det tok over ti år. Oppdraget fekk han frå ein engel som ei natta i 1910 kalla Rilke til klippene utanføre Duino-slottet ved den nord-italienske byen Trieste. Resultatet blei eit merkverdig diktverk fyld med englar, demoner og stor angst. Dansk Radiokor framfører ei tonsetjing av diktverket - av Luigi Nono - i Johanneskirken måndag 12 mars. På opningskvelden er det det kjende Bergensbandet Emmerhoff & The Melancholy Babies som framfører ei heilt ny tonal reise inn i dette merkverdige diktuniverset. Tolkinga gjer dei på tysk og engelsk.

Myspace - Emmerhoff (med videomateriell!)
Musikkvideoen Black Mark av Emmerhoff

 

Rainer Maria Rilke: Første elegien

Kven, om eg skreik ut, høyrde vel meg høgt i englanes
rangordning? Og sett så at ein av dei
plutseleg tok meg til hjarta: eg ville forgå av hans
overveldande liv. For det vakre er bare
det forferdeleges grense, som vi så vidt held ut,
og vi beundrar det, av di det storslått avstår
frå å leggje oss øyde. Einkvar engel er forferdeleg.
    Så held eg det i meg og sluker det lokkande ropet
frå døyvde sukk. For kvar kan vi vel søkje
hjelp med dette? Hjå englar? – nei; menneske? – nei,
og dei oppvakte dyra oppfattar godt
at vi tydelegvis ikkje kjenner oss heime
i vår vedtatte verd. Så blir oss kanskje til del
eit tre der utpå skrenten, det som vi dagleg
såg att; så blir oss til del gata ifrå i går
og den forvende truskapen til ein vane
som treivst slik her, at den gav seg til for godt.
    Ja og så natta, natta då vind fylt av verdsrom
tærer vårt andlet -, kven blir ikkje ho til del,
som trufast ventar på svalt å få svike kvart einskilt
lengtande hjarta. Gjer kjærleiken dette lettare?
Å, to som elskar vil helst bare bruke kvarandre som ly.
    Skjønar du ikkje ennå? Hiv alt det tome du held om
ut i dei roma vi andar; kanhende vil fuglane
feire si utvida luft med ei meir inderleg flukt.

 

(...)

Duino-elegiane er omsett av Åsmund Bjørnstad, Aschehoug, 2002.
Publisert med velvillig tillating frå forlaget.