ENSEMBLE RISOGNANZE: Milano / Tyrol / Bergen (festivalopning)

ENSEMBLE RISOGNANZE: Milano / Tyrol / Bergen (festivalopning)

Kl 1900
Stad: Logen

Ensemble Risognanze består av femten unge musikarar frå Milano med ein knallgod dirigent i spissen. Fagfolk kallar dei det framste Italia har å by idag innan ny ensemblekunst. Dei starta i 1996 då Tito Ceccherini gjekk i dirigentklassen ved Milanokonservatoriet (klassen der store dirigentar som Riccardo Muti, Claudio Abbado, Riccardo Chailly har gått). Etterkvart fann han og fleire medstudentar ut at dei berre måtte lage eit nytt orkester. Særleg fekk konsertane dei hadde ved ein samtidsmusikkfestival i Tyrol (!) fleire og fleire til å bli klåre over den unike tolkingskunsten dette ensemblet stod for.

Namnet deira "Risognanze" speler på det italienske ordet for å "drøyme på ny" - og er også tittelen på eit av verka av den originale milanokomponisten Niccolo Castiglioni (1932-1996) - sjå artikkel i magasinet. Han var sjølv lærar ved Milanokonservatoriet og pendla mellom Tyrol og Milano. Og nett som hans store helt Edvard Grieg (!) skreiv han ei rekke verk med referansar til naturen. Fleire av desse framfører italienarane for første gong i norden under opninga av Borealis. Under opninga urframfører dei verk av ein ung bergenskomponist - Sigurd Fischer Olsen - og ein med lang fartstid- Ketil Hvoslef. Den unge sopranen Ragnhild Eide Akslen er solist - ho vil me sjå mykje til iløpet av årets festival.


Detaljerte verkkommentarar kjem rundt 10 februar.

Program:

Stefano Gervasoni:
Animato

Ketil Hvoslef:
Canis Lagopus

Sigurd Fischer Olsen:
Deconstructed Darlings and Aria

Stefano Gervasoni:
Concertino per voce e fischietti

Niccolo Castiglioni:
Tropi
Capriccio
Masques

Ensemble Risognanze:
Sonia Formenti, flutes
Eleonora Grampa, oboe
Selene Framarin, clarinet
Giacomo Cella, bassoon
Giampaolo Mazzamuto, trumpet
Danilo Stagni, horns
Alfonso Alberti, piano
Andrea Turra, harmonium
Marco Campioni, percussion
Filippo Gianinetti, violin
Marco Fusi, violin
Paolo Fumagalli, viola
Marco Radaelli, cello
Augusto Veronese, bass