LARS MORELL: GHOST WORK

DANMARKS RADIO VOKALENSEMBLE OG ORGELKLUBBEN FERDINAND

Kl 1900
Stad: Johanneskirken

Orgelklubben og Radiokoret Orgelklubben Ferdinand er verdas einaste orgelklubb for born. Dei slår an dei første tonane og klangane på det mektige orgelet i Johanneskirken. Dansk Radiokor syng deretter eit stort program med korlitteratur som aldri er gjort i Noreg før. Det heile blir ein studium i likskapar mellom renessansens store musikk-radikalar Gesualdo og dagens banebrytarar. Og eit stort og omfattande lydsystem blir satt opp for anledninga - for å løfte folk inn i Nono sin heilt spesielle venezianske melankoli.

Foruten Gesualdo syng Dansk Radiokor verk av årets komponistprofil under Festspillene - danske Bent Sørensen. Og ein hymne av den italienske Grieg-elskaren og komponisten Niccolo Castiglioni. Etter pause framfører koret "Das Atmende Klarsein" av Luigi Nono. Fløytisten Bjørnar Habbestad og den venezianske klangregissøren Alvise Vidolin er med på å gjenskape Nono sitt eige kvadrofoniske elektroniske univers. Teksten er basert på fragment frå dei mørke engel og demon-labyrintane i Duinoelegiane av Rainer Maria Rilke. Det same lydsystemet blir også brukt på konserten med Nono sine politiske verk tysdag kl 21:00.

PROGRAM:

 Preludium
ved Orgelklubben Ferdinand

**
Niccolo Castiglioni Hymne

Bent Sørensen  Strunge-sange

Carlo Gesualdo  Tribulationem et dolorem
 Tribulare se nescirem

Luigi Nono  Das atmende Klarsein
Musikarar

 

 

Luigi Nono:"Das Atmende Klarsein" (Itunes) - blir framførd av Bjørnar Habbestad, Dansk Radiokor, Alvise Vidolin 12.3

Gesualdo på Itunes