BANKS VIOLETTE: Mørk og dur og vreng

Tomas Espedal & Duino-elegiane

Kl 1710
Stad: Landmark

Forfattaren Tomas Espedal har hatt ei sentral poetisk rolle på Borealisfestivalen dei tre siste åra. Han er vår narrative navigatør - siden me har hatt ulike former for navigasjon som eit årleg sidetema. I år reiser han saman med tilhøyrarane inn i universet til Luigi Nono og Rainer Maria Rilke, med utgongspunkt i det store korverket i Johanneskirken same kveld. Rilke og diktverket han skreiv blant anna i Duino-slottet (bilete) har lenge vore ei viktig litterær kjelde for Espedal.

Ein kan kjøpe enkeltbillettar til foredraga og mikroludia på Landmark. Det koster 50,- Ein kan også kjøpe festivalpass for 150 og få med seg alt det andre same kvelden.