
NURIA SCHOENBERG NONO / STEFAN LITWIN: Om Luigi, lydane og stilla
Kl 1900
Stad: Logen
Nuria Schoenberg Nono - dotter til den store austerrikske komponisten Arnold Schoenberg - gifta seg med Luigi Nono i 1955. Då flytta ho til Venezia frå Hollywood og har siden budd og arbeidd i barndomsheimen til Nono. Og dei siste femti åra har ho stått i sentrum av det italienske musikk- og kulturlivet med ei rekke sentrale verv. Etter at Luigi døydde, bygde ho opp eit legendarisk arkiv basert på manuskripta, bøkene og breva han etterlot seg. Idag er palasset ved Canal Grande forskingsenter for moderne musikk med eit stort internasjonalt nettverk.
Rett utanføre heimen til Nuria og Luigi Nono ligg Canal Grande - den store flytande fartsåra i Venezia. Og det er denne heimen som er utgongspunktet for Nuria Nono si reise med publikum inn i den venezianske lydverda Nono sjølv var så oppteken av. Det musikalske utgongspunktet for denne ekslusive reisa inn i Venezia er eit av Nono sine mest personlege verk "....sofferte onde serene....". " "....Lidande klåre bølger...."på norsk (red. anm.). Den kjende tyske pianisten Stefan Litwin speler medan Alvise Vidolin sit ved elektronikkspakane. Luigi Nono skreiv følgjande om verket:
"Mot huset mitt - på La Giudecca i Venezia - renn det inn alskens lydar frå ulike klokker, dei slår mot einannan på ulike måtar, og dei er meiningsfulle på forskjellige måtar, om dagen som om natta, dei går gjennom tåka og med sola. (...) Dette er teikn på livet i lagunen, ved havet."
Luigi Nono: "Sofferte Onde Serene"(Itunes)- blir framførd under foredraget med Nuria Schoenberg Nono 14.3 i Logen
14. Mars
Onsdag
Kl 0830
Stad: Sparebanken Vest
LYDBANK
Kl 1000
Stad: Bergen offentlige bibliotek
NONO-UTSTILLING: Arkivet ved Kanalen
Kl 1000
Stad: Bergen offentlige bibliotek
LARS MORELL: GHOST WORK
Kl 1100
Stad: Bergen Offentlige Bibliotek
MINISEMINAR OM KETIL HVOSLEF
Kl 1200
Stad: NO.5 - BERGEN KUNSTHALL
BANKS VIOLETTE: Mørk og dur og vreng
Kl 1300
Stad: Landmark
KINO BOREALIS
Kl 1700
Stad: Landmark
MIKROLUDIUM
Kl 1710
Stad: Landmark
FANNY HOLMIN OM ORION
Kl 1800
Stad: Logen
JANICKE SCHØNNING: PENN
Kl 1900
Stad: Logen
NURIA SCHOENBERG NONO / STEFAN LITWIN: Om Luigi, lydane og stilla















