NONO-UTSTILLING: Arkivet ved Kanalen

ASAMISIMASA & CO

Kl 2100
Stad: Logen

asamisimasa er eit ensemble som går grundig inn i dei mest ekstreme tradisjonane i den europeiske samtidsmusikken. Ekstrem betyr her: kompromisslaust, visjonært, eit lass med ekstra instrument, må leige bil, ny notasjon, og kritisk tenkning omkring kva musikk eigentleg kan uttrykke. Dei har arrangert eigne festivalar i Oslo med Aldo Clementi, Helmut Lachenmann, Dadaisme og Nicolaus A. Huber. Samstundes har dei gått inn for å bestille nye stykker av unge, men like ekstreme arvtakarar.

I kveld får ein høyre nye verk av engelske komponistar som står i arva etter Clementi og Morton Feldman, og norske verk som brukar grad av klovnenase som eit musikalsk parameter. Mellom anna speler dei Trond Reinholdtsen sitt "In Context" (foto er henta frå verket - Reinholdtsen er han med briller nærast oss på lerretet).

Program:
Trond Reinholdtsen - In Context (2004) for klarinett, perkusjon, gitar, video, elektronikk

Joanna Bailie - Two Things

Matthew Schlomowitz - You Close Your Eyes Again

Bryn Harrison - Linden Quartet

Nicolaus A. Huber - Offenes Fragment