BANKS VIOLETTE: Mørk og dur og vreng

ANSSI KARTUNNEN: Cello-legende i Domkirken

Kl 1400
Stad: Domkirken

Bergen Domkirke er den sentrale arenaen under finalen til Borealis 2007. Den første av tre svært ulike men indre beslekta konsertar i kyrkja frå 1200-talet er konserten med cellistlegenden Anssi Kartunnen. Han er ein av verdas desidert framste cellistar - og speler vanleg cello, klassisk cello, barokkcello og cello piccolo. Han har gjort ei rekke kritikarroste plater: Beethovens samtlege verk for cello og fortepiano, moderne cellokonsertar med London Sinfonietta, samt innspelingar med Los Angeles Philarmonic Orchestra med Esa-Pekka Saalonen som dirigent. Desse konsertane er ute på Sony Classical. Dvd-innspelinga hans av Tan Dun sitt kultstykke "The Map" for cello, video og orkester kom nyleg ut på Deutsche Grammophon.

Kaija Saariaho og Anssi Kartunnen studerte i lag og har arbeidd saman over mange år. Saariaho har skrive alle sine vakre og storslagne celloverk til Kartunnen. Den siste cellokonserten hennar blei urframførd av Kartunnen og det verdskjende Boston Symphony Orchestra berre tre veker før Borealis.

I Bergen speler Kartunnen Saariaho både med og uten elektronikk. Han tangerar den venezianske og italienske profilen vår med sjelden framførd barokkmusikk frå Syd for Alpene.

Program

Kaija Saariaho: Petals
Giuseppe Colombi (1635-1694): Chiacona
Kaija Saariaho: Près

Kaija Saariaho: Spins and spells
Giovanni Battista Vitali (1632-1692): Partita sopra diverse sonate:
Toccata-Bergamasca-Ciacona-Capritio
Saariaho: Sept papillons


Borealis spanderar ein skvett kyrkjekaffi og -te mellom konsertane i Domkirken.

Lytt:
Plata "Private Gardens" (Itunes Music Store) - musikk av Kaija Saariaho. M.a. er Camilla Hoitenga (som speler 17 mars) og Anssi Karttunen (som speler den 18. mars) med på denne plata.