
TOR GRØNN: Ratkje, Gjertsen, Messiaen, Hvoslef, Hegdal, terning og botanikk
Kl 1600
Stad: Domkirken
Tor Grønn har vore organist i Nykirken på Nordnes i ei årrekke. Derifrå har han bygd opp eit renommè som ein av dei største samtidsmusikktolkarane på orgel i Noreg. Og i ein Bergenssamanheng er det få som har bestild og framførd så mykje ny musikk. Han forandra ei rekke liv då han antakeleg var den første som spelte den store komponisten Olivier Messiaen sin sjeleleg fornyande orgelmusikk i norsk offentlegheit. Ikkje tilfeldig: Tor Grønn studerte i Paris og høyrde Messiaen sjølv spele eigne verk i St Trinitè Kyrkja.
Olivier Messiaen kan også knyttast til festivalkomponist Kaija Saariaho. Han var ein av dei indirekte årsakane til at IRCAM - sjå foredraget til Morten Eide Pedersen 13 mars - blei til. Ved siden av nokre av Messiaen sin meditative orgelstykke frå hans store orgelbok - "Livre d'orgue" - speler Grønn ny norsk musikk. Først ut er bryllupsmarsjen til Maja Ratkje (foto - mest kjend som noisedronning i Fe-mail og Spunk). Deretter står ei urframføringa på plakaten: eit orgelverk med elektronikk av det store lokale komponisttalentet Ruben Sverre Gjertsen (som blei framførd av Pierre Boulez sist sommar). Så blir det "Toccata" av vår lokale festivalprofil Ketil Hvoslef (som Tor Grønn har urframførd ei rekke gonger siden tidleg syttital). Til slutt får me eit nytt verk av Magne Hegdal, ein komponist som i mange år har presentert nye moglege måtar å lage musikk på, i tradisjonar etter Anton Reicha, John Cage, terning og botanikk.
Program
M.S.K. Ratkje: Preludium for a Wedding Ceremony
Ruben Sverre Gjertsen: Pression I
Pression II
Olivier Messiaen: Fra "Livre d'Orgue"
1.Reprises par interversion
2. Pièce en trio
3. Les Mains de l'abime
Ketil Hvoslef: Toccata
Magne Hegdal: Par VI - To kirkestykker: En ny sang og Bruremarsj (urframføring)
18. Mars
Søndag
Kl 1000
Stad: Griegakademiet
KAIJA SAARIAHO MASTERKLASSE
Kl 1200
Stad: NO.5 - BERGEN KUNSTHALL
BANKS VIOLETTE: Mørk og dur og vreng
Kl 1400
Stad: Domkirken
ANSSI KARTUNNEN: Cello-legende i Domkirken
Kl 1600
Stad: Domkirken
TOR GRØNN: Ratkje, Gjertsen, Messiaen, Hvoslef, Hegdal, terning og botanikk
Kl 1800
Stad: Lydgalleriet
COUPERINS HODE, SKULDER, KNE OG TÅ: Fransk barokk og ny songleik















