TOR GRØNN: Ratkje, Gjertsen, Messiaen, Hvoslef, Hegdal, terning og botanikk

COUPERINS HODE, SKULDER, KNE OG TÅ: Fransk barokk og ny songleik

Kl 1800
Stad: Lydgalleriet

Det nest siste arrangementet i år finn stad eit steinkast og to kafear frå Domkirken - i Lydgalleriet i Østre Skostredet. Dette er Noregs einaste tempel for lydkunst som no held på å bli pussa opp. Denne tidlege søndagskvelden er det duka for ein heilt spesiell urpremiere der barokken får ei hovudrolle. Komponist Christian Blom har blitt solid inspirert av den franske store barokkmeisteren François Couperin og hans verk "25e ordre: La Visionaire" for cembalo. Inspirasjonen er utgongspunktet for ein variasjon for barokkensemble, video, dans og elektronikk med tittelen "Couperins Hode, Skulder, Kne og Tå".

"Rørsler , lyd og bilete kan knyttast til same struktur og bytast ut med ein annan – og være ulike uttrykk for den samme strukturen," skriv komponist Christian Blom i eit notat om verket. Utøvarar denne kvelden er blant dei beste på kvart sitt felt i Noreg: Frode Thorsen, Hans Knut Sveen, Ellen Røed, Petter Steen, Alan Lucien Øyen og Christian Blom.

 

Lytt til Couperin: La Visionaire (utgongspunktet for "Couperins hode, skulder kne og tå" - 18 mars i Lydgalleriet Realmedia
 

 

Produsert av Christian Blom og Bergen Barokk - med særskild stønad frå Norsk Kulturråd.

Og dei som ikkje fekk stykket med seg på søndag kjem det ei ny sjanse måndag 19 mars klokka 1930. På nøyaktig same stad.