COUPERINS HODE, SKULDER, KNE OG TÅ:  Fransk barokk og ny songleik

SUNN O)))

Kl 2000
Stad: Domkirken

Det verdskjende kunstmetal-bandet Sunn O))) avslutter årets Borealis - og for anledninga har dei med ein organist i ensemblet, som skal traktere domorgelet. Eit band som vanlegvis er headliner på metalfestivalar skal for første gong gå inn i mellomalderens melodiske estetikk. Dei leiter etter kyrkjetoneartane i Domkirken si fjerne fortid - frå tida då fransiskanarmunkane song og dreiv arbeid for dei fattige med denne kyrkja. Før reformasjonen.

Det er ei rekke likskapar mellom Sunn O))) og mellomalderens estetikk. For det første var det ei tid som ikkje akkurat var gladkristen. Den mørke mellomalderen er eit treffande uttrykk - og Sunn O))) speler heller ikkje gladkristen musikk. Dei er kjende for sine utruleg langsame klangar, tonar og melodiar som har særleg ein ting til felles med gregoriansk song: musikarane i Sunn O))) speler ein og same melodi. Som eit kor. Ingen speler soloar - og musikken går frykteleg sakte framover. Den store forskjellen frå munkane er elgitarane, vrengen, den analoge elektronikken og ikkje minst den ekstremt djupe bassen.

Og mellomalderen var ei tid der kunstnaren sjelden fekk tre fram med namn og signatur. Dei engelske steinhoggarane som bygde Domkirken slik at den framleis står, er alle namnlause og ukjende. Slik var det over heile Europa. Og fransiskanaren som haldt til i Domkirken gjekk i kutter for å vere eitt som masse. Ingen skulle kunne sjå kven som var kven på avstand. Individet og egoet skulle ofrast.

"Me kler oss i munkekutter fordi ingen skal sjå kven som er kven i bandet. Egoet skal utslettast," fortel Stephen O'Malley - primus motor for Sunn O))) på telefon frå New York. "Det er også difor me har kraftige røykmaskiner på når me speler - for at publikummet skal viskast bort og bli til ein masse." Det likner jo litt røykjelsen kyrkjelydane i mellomalderen. O'Malley er foruten å vere musikar også biletkunstnar og nær ven av New York-kunstnaren Banks Violette som stiller ut under Borealis i Bergen Kunsthall. Han driv bandet saman med Greg Andersson frå Los Angeles.

Når Sunn O))) endeleg kjem til Bergen er det difor uvisst kven som eigentleg vil spele i bandet denne gongen foruten O'Malley og Andersson. Dei har ei lang liste med musikarar dei jobber med. Truleg blir dei fem eller seks i Domkirken. For aller første gong speler dei konsert som tek utgongspunkt i kyrkjetoneartar, mellomaldermelodikk - i respekt for dette heilt spesielle kyrkjebygget. Dei vil som vanleg vere utstyrt med sine store bassforsterkarar og høgtalarar - som har rista rockeklubbar og festivalar verda over. Denne gongen vil derimot det høge kyrkjehvelvet og domorgelet ha ein heilt unik effekt på den djupe og volumiøse bassdronen.

Lenker:
Stephen O'Malley si heimeside
Sunno på myspace
SUNNO))) - intervju med Stephen O'Malley og Greg Andersson om prosjektet
SUNNO))) intervju og konsertopptak
SunnO))) ved Volksbühne i Berlin