Festivaltema 2008: Høge tre og ekstrem tradisjon

Borealis feirer i 2008 to viktige faktorar for norsk musikkliv: høge tre og ekstrem tradisjon.

Den ekstreme tradisjonen heng på Vestlandet nøye saman med det ekstreme véret i landsdelen. Særleg ser ein dette i folkemusikken, kor dårleg vèr ofte hadde ein direkte konsekvens på musikken. Motstanden som fanns i ver og vind skapte nye tradisjonar.


Berre sjå på motivet i sjølve ikonet for norsk nasjonalromantikk "Brureferd i Hardanger". Der er det vindstille. Ingen bølger,og felespelaren ser dermed ut til ha véret på si side. Nokre enkeltståande sommardagar var det slik, men ein oktoberdag i Nordfjord kunne véret vere heilt annleis. Vanlegvis var det vind og regn som gjorde at rytmen blei hakka opp av bølgene, og fela blei våt. Det vart dermed vanskelegare å treffe tonane - alt blei ute av takt og surt.

 

Denne sure og skeive tonen og utakten som vaks ut av slike forhold er blant dei konkrete fenomena som blir feira under Borealis. Dette velgjer me å kalla ekstrem tradisjon. Ei rekke av festivalartistane i 2008 gjev tradisjonen ein liknande motstand - og er dermed med på å fornye tradisjonane. Motstand er difor ein fellesnemnar for mange av festivalartistane i 2008: dei utfordrar tradisjonen dei befinn seg i med motstand - anten det er tonal, rytmisk, volummessig, kroppsleg, meteorologisk, sjangermessig, filosofisk og estetisk motstand.

 

Dei "høge trea" kastar sine lange skugger over festivalprogrammet. Desse trea har i ei årrekke vore ein av komponisten Magne Hegdal sine viktigaste inspirasjonskjelder. Hegdal har siden han byrja å komponere for førti år siden forsøkt å tilnærme seg tilfeldigheitane i naturen - både gjennom terningkast og barkebillefilosofi. Og gjennom daglege dialogar med høge tre.





Nicholas H. Møllerhaug
Festivalsjef

 
Brudeferd i Hardanger

Foto frå innspelinga av "Farlig frieri" 1919, Lofthus. Frå hardangerportalen.no