Satelitt Borealis 28 mai: Hacke (Einstürzende Neu bauten), Orgelstillaset, m.fl.
Alexander Hacke er bassist og sentral medlem av Einstürzende Neubauten. Ein mann med ein enorm produksjon bak seg. Han krysser ei rekke grenser som soloartist – frå den industriell klangen via dronebaserte lange strekk til karismatisk song i beste old school Berlintradisjon. Ikkje berre har han vore med i Einstürzende sidan starten – då han var 15 år. For eit par år siden viste han ei heilt anna musikalsk side – som guide inn i det sydande musikklivet i Istanbul. Dokumentaren “Crossing The Border” av den tysk-tyrkiske suksessregissøren Fatih Akin var ein uvanleg varm film om tonane frå den enorme byen ved Bosporos. Når Hacke kjem til Bergen har han med seg den visjonære videoartisten Danielle De Piciotto som maler dei musikalske draumane til Hacke på langveggen på Landmark.
www.myspace.com/alexanderhackeOrgelstillaset Før Hacke og De Picciotto er det duka for Bergen Orgelstillas (1ste etappe) – eit eksperiment for organistar av ulike slag. Det består av eit høgt stillas med hylleplass til eit snes organistar og deira respektive trøorgel, stueorgel, elektroniske orgel og kanskje indiske harmonium. Bergen Orgelstillas (2ndre etappe) blir bygd under Borealis 2009 oppunder taket i Logen Teater. Altså endå større. På den måten vil me flytte ideen om den grandiose lyden av eit kyrkjeorgel ut or kyrkjerommet.
Prosjektleiar og dirigent er organist Sigbjørn Apeland – ein av landets framste nyvinnarar på orgelet. Han har særleg vist kva moglegheitar det finns i orgelet på platene til Nils Økland, Sondre Bratland, Alog og Berit Opheim. Blant dei andre medverkande kan det bli både kyrkjeorganistar frå Bergensregionen, tamilske harmoniumtraktørar og el-orgelentusiastar frå elektromiljøet på Industrihuset… Vent å sjå. Og verre blir det til neste år – under Borealis 09.
Det er duka for eit tredje element denne kvelden også: TBA.
Arrangementet er eit samarbeide mellom Borealis og Festspillene i Bergen.
Billettservice og i døra.

alexander hacke & danielle de piciotto