Worldpremiere - Mike Patton (Fantomas, ex. Faith No More) / Stian Carstensen (Farmers Market)

Worldpremiere - Mike Patton (Fantomas, ex. Faith No More) / Stian Carstensen (Farmers Market)

Kl 2200
Stad: Logen

 

Då Mike Patton sa ja til å kome på Borealis fortalde han raskt at han bar på ein draum: å få spele med Stian Carstensen i Farmers Market.

 

Patton har hatt base i San Fransisco sidan tidleg nittital, og like lenge har han vore ein musikalsk legende innanfor mange sjangrar. Den karakterstiske stemmen hans leverer støybrøl og nasal scatting like lett som soul-falsett og eksplosjonsaktige lydeffektar. Ved siden av eit utal eigne prosjekt blir han ustanseleg spurd om å gje lyd i alle retningar: Bjørk, John Zorn, Sepultura og monsterlydane i Will Smith sin siste film "I'm a legend" er nokre dømer. Parallellt med alt dette driv han plateselskapet Ipecac - som har eit veldig godt rennomé verda over. Patton har dei siste åra også arbeidd nært med fleire nordmenn gjennom labelet - designaren Martin Kvamme frå Arna er ein av dei. Kaada er ein annan. Men ikkje minst - konserten på opningskvelden til Borealis 2008 - markerar også lanseringa av den nye plata til Farmers Market. Og her kjem altså multi-instrumentalisten Carstensen inn. Verdspremiere på ny duo i Bergen med andre ord.

 

Konserten er et samarbeid med Bergen Jazzforum.