Hegre/Spahlinger/Gangsø

Hegre/Spahlinger/Gangsø

Kl 2100
Stad: Logen

 

I denne portrettkonserten av festivalkomponisten Mathias Spahlinger får me høyre fire karakteristiske verk. Desse er satt opp saman med musikalske slektningar. Gruppa asamisimasa blei starta for å kunne spele stykket Musica Impura (urein musikk), som inneheld alt frå hyperventilering til E-dur-akkordar. Det tidlege tapestykket Störung frå 1975 brukar kun støy og feilkobla elektroniske lydar. Verket 128 augeblikk er nettopp det- partituret består av lause ark med 128 konsentrerte hendingar. Desse kan setjast saman som eit puslespel, og danne alt frå dronemusikk til diamantlyd. Duoen Sigyn Fossnes og Tanja Orning stemmer ned strengene og spelar ein ny versjon av adieu m'amour, som ein også kan høyre på tirsdagskonserten. Men denne gongen blir det satt opp mot norsk hardingfelelyd, skeivstemte kolaslåttar spelt av Sigrid Moldestad. John Hegre har i samarbeid med fiolinisten Victoria Johnson skrive eit flunkande nytt stykke for elektrisk fiolin og pedalbrett. I tillegg får me stykker av komponisten og fiolinisten Arvid Gangsø frå Haugesund. Han har skrive fleire verk til Nils Økland, og er ein unik stemme i den norske samtidsmusikken med ein konsentrert produksjon. Han blir urframførd av Annabel Guaita på piano. Sistnemnde framfører også Anton Webern "Variationen für Klavier opus 27".

 

John Hegre; Stykke for elektronisk fiolin; 2008; Urframføring

 

Mathias Spahlinger; 128 erfüllte augenblicke
systematisch geordnet, variabel zu spielen;1976

 

Mathias Spahlinger; Musica Impura; 8 min; 1983

Mathias Spahlinger; störung; 2.45 min; 1975

Mathias Spahlinger; adieu m'amour, Hommage à
Guillaume Dufay; 15 min; 1982-1983

Arvid Gangsø; In memoriam; 10 min: 2007;
Urframføring

 

Arvid Gangsø; Untitled Piece; 2007; Urframføring

 

Anton Webern; Variationen für Klavier opus 27