BIT20-Ensemble, plateselepp:

BIT20-Ensemble, plateselepp: "Readings of Mr. G" - Henrik Hellstenius

Kl 1800
Stad: Grieghallen

BIT20-Ensemble slepp plata "Readings of Mr. G" med verk av Henrik Hellstenius.

Ensemblet speler stykket "Hi Ophelia" Tittelen er henta fra opningssporet, som er 3. satsen i operaen Ophelia’s: Death by Waters singing, eit verk skrive med utgangspunkt i Hamlet av Shakespeare, men kor hovudpersonen er Ophelia.

Hellstenius nyttar i fleire av verka på plata andre kunstverk og kunstnarar sine praksisar som inspirasjon og konkret utgangspunkt. Dimed kan ein finne spor frå mellom andre komponistar som Luigi Nono og Gérard Grisey, mystikaren Georges Ivanovitch Gurdjieff, og fiolinisten Peter Herresthal som Hellstenius har samarbeida med lenge.