Bergen filharmoniske orkester

Bergen filharmoniske orkester

Kl 1930
Stad: Grieghallen

 

Konsert med Harmonien er alltid eit høgdepunkt under Borealisfestivalen. I år blir det ekstra stas med Anders Hillborg sin fiolinkonsert på programmet. Konserten er skrive i 1992, og er eit slags musikalsk portrett av fiolinsolisten Anna Lindal. Ho er ein fantastisk allsidig fiolinist som spelar barokk og fri-improvisasjon i tillegg til moderne notert musikk, alltid med eit vanvittig nærvær og poetisk kraft. Saman med BFO blir dette magi. På programmet står også det hyperferske stykket ”Like objects in a dark room” av Henrik Hellstenius. Magnus Lindberg sin konsert for orkester følger opp ein tradisjon som Bela Bartók starta med sin konsert frå 1944. Her er det sjølve orkesteret, med alle instrumentgruppene, som blir brukt som både solistar og akkompagnement.

 

 

Anders Hillborg; Fiolinkonsert; 24 min; 1991-92;

 

Henrik Hellstenius; ... like objects in a dark room; 9 min; 2007 Urpremiere

 

Magnus Lindberg; konsert for orkester; 28 min; 2002-03