Parktur med Magne Hegdal og Lene Grenager

Parktur med Magne Hegdal og Lene Grenager

Kl 1000
Stad: Bergen Offentlige Bibliotek, 2 etg.

NB!  Seminaret startar på biblioteket klokka 10:00, der Magne Hegdal vil spele lydutdrag frå fleire stykker som hentar inspirasjon frå naturen. 

Deretter går turen til Nygårdsparken. 

Vel Møtt! 

 

For å ta årets festivaltema om høge tre og ekstrem tradisjon på alvor, må me sjølvsagt ut i naturen for å finne svar. Derfor inviterer me på ein liten kombinert seminar/ekskursjonstur i Nygårdsparken for å finne samanhengar mellom botanikk og musikk. To av komponistprofilane våre dette året er sjølvskrevne guidar: Lene Grenager og Magne Hegdal. Dette er komponistar som på kvar sine vis blir inspirert av naturen, og som kan
fortelle om korleis eikeblad kan framstå som grunnlag for moderne komposisjonar. Og som Carl von Linné seier i innleiinga til Systema Naturae: «Jag har gått fram i naturens täta och skuggiga skogar fulla med skarpa
och taggiga snår; jag har sökt så mycket som möjligt undvika dem; men jag har också lärt mig, att ingen genom försiktighet och aktsamhet kan helt skydda sig. Därför har jag lungt fördragit de förbittrad satyrernas
hånskratt och de skuttande apornas språng på mina axlar. Jag ar beträtt den stig och fullbordat den väg, som lyckan tilldelat mig.»