Ellen Ugelvik - Magne Hegdal-Portrett

Ellen Ugelvik - Magne Hegdal-Portrett

Kl 1900
Stad: Logen

 

I denne konserten er stykker av Magne Hegdal omkransa av stykker som på ein eller annan måte er beslekta med Hegdals egne pianokomposisjonar. Ugelvik og Hegdal trekker linjer frå 1800-talet til vår tid, og finn slåande like musikalske uttrykk. Ein av Beethovens kollegaer, den tsjekkiske komponisten Anton Reicha, (1770-1836) skreiv stykker med usymmetriske temaer og uoversiktelege former. På slutten av sitt liv skreiv pianovirtuosen og Reicha-eleven Franz Liszt (1811-1886) stykker med naive, merkelege melodiar spelt med ein finger. Og i frå desse stykkene er vegen ikkje lang til John Cage (1912-1992) sine tilfeldigheitskomposisjonar. Olivier Messiaen (1908-1992) sitt Mode de valeurs et d'intensités frå 1949 blir rekna for å vere den fyrste serielle komposisjonen. Alle tonehøgder, rytmar, dynamikk og spelemåtar er plasserte i eit system som er førehandsbestemt av komponisten. Dette skapar ein heilt eigen og uhøyrt musikalsk logikk. Desse historiske linjene til Hegdal sin eigen musikk viser ein komponist som kombinerer terning, konstruksjon, intuisjon og inspirasjon frå botanikk i eit evig uryddig univers.

 

John Cage (1912-1992); From Two pieces for piano (I); 5 min.; 1946

 

Magne Hegdal (1944); From Songs and Flowers; 12; 2004; Urpremiere

 

Anton Reicha (1770-1836); From 36 Fugen für Klavier, op. 36 nr. 12 og 18; 6 min.

 

Magne Hegdal; Fugati; 9 min.; 2007; Urpremiere

 

Olivier Messiaen (1908-1992); Mode de valeurs et díntensités; 4 min.; 1949

 

Franz Liszt (1811-1886); Die Trauer-Gondel I; 5 min.; 1882

 

Magne Hegdal; Piano 07 (Klee-Blätter); 8 min.; Urpremiere