Espen Sommer Eide: Hardingsveiv

Espen Sommer Eide: Hardingsveiv

Kl 2100
Stad: Logen

 

Slåttberg er ei moderne lirekasse konstruert spesielt til bruk innan folkemusikk: Som namnet fortel er det særleg knytta til slåttespelet i norsk tradisjonsmusikk. Slåttberg er eit nytt instrument i den lange rekka nye instrument Espen Sommer Eide frå Alog har laga den siste tida med utgongspunkt i gamle Tandberg-høgtalarar. Visjonen med Slåttberg er å fornye den norske slåttetradisjonen der dei skeive stemmingane og ornamenta er dekonstruerte.