Affinis: Lene Grenager-portrett

Affinis: Lene Grenager-portrett

Kl 2200
Stad: Logen

 

I denne portrettkonserten av komponisten Lene Grenager får me høyre seks verk, der halvparten er urframføringar. Ho har i ein fireårsperiode jobba med denne verksuiten spesialskrive for Affinis ensemble. Den inneheld mange ulike element: frå strengt noterte parti til lommer av improvisasjon, frå energiske skeive danserytmar med rufsete cymbalar til svak duft av ensemblemusikk. Ein kan tydeleg høyre Grenagers fabulerande improviserande hjerne som jobbar i den musikalske materien, og ein kan høyre at Affinis ensemblet musiserer fritt med fleire stilartar i bagasjen. Ein kan kan kanskje også høyre inspirasjonen frå viltvoksande planter, klassifisert i eit Linné-Grenagersk univers.

 

Lene Grenager; Attitude; 9 min; 2004

 

Lene Grenager; Duped; 7 min; 2006

 

Lene Grenager; Redolence; 7 min; 2007; Urframføring

 

Lene Grenager; Intermittent Interplay; 8 min; 2007; Urframføring

 

Lene Grenager; Fumblemumble; 6 min; 2007; Urframføring

 

Lene Grenager; Effect without Cause; 15 min; 2006