Røttingen og Messiaen

Røttingen og Messiaen

Kl 1530
Stad: Korskirken

 

Pianosyklusen Vingt Regards sur l`Enfant-Jésus frå 1944 er bygd opp av tjue satsar som alle er musikalske betraktningar over Jesusbarnet. Det er eit gigantverk, som inneheld ekstase og kontemplasjon, svevande harmoniar og konkrete hamrande rytmar. Olivier Messiaen, fransk komponist i arven etter Debussy, skreiv ein vanvittig inkluderande musikk, han konstruerte nye heilt frittståande musikkformer, men kunne i neste sats skrive smektande, feite akkordar og glossy melodiar. Det gjer at han blir rekna for å vere ein av dei mest tilgjengelege moderne komponistane. Messiaen ville fylt 100 år 10 desember i 2008. Derfor skal han også med rette bli anstendig feira og framført i år. Konserten arrangeres i samarbeid med Bergens Kammermusikkforening.

 

Olivier Messiaen; Vingt regards sur l'Enfant-Jesus; 2t 15 min; 1944; piano