NILS ØKLAND & IVAR ORVEDAL

NILS ØKLAND & IVAR ORVEDAL

Kl 2230
Stad: Logen bar

NILS ØKLAND (viola d'Amore, hardingfele og barokkfele)

IVAR ORVEDAL (poesia d'Amore)

 

NB! Biletter til denne konserten blir kun solgt i Logen Bar konsertkvelden fra klokken 22.00. Borealis festivalpass gjelder ikke. Arrangør: Non Plus Ultra i samarbeid med Logen Bar og Borealis, med støtte fra Bergen kommune.

 

Nils Økland og Ivar Orvedal har tidligare arbeida saman i improkollektivet Non Plus Ultra med forestillingar der ulike uttrykk er likeverdig og i gode øyeblikk gir rom for det individuelle i eit kollektivt aspekt. Nå er tida inne til å prøve ut eit nake duoformat der kvar minste fiber i tone, ord og pust kan få dirre. Dei søker ein djupare resonansebotn hjå publikum. Nærverande improvisasjon i spenningsfeltet mellom uro og ro der også rommet si eiga kraft blir aktivisert.

 

 

Ivar Orvedal

Poet og altmuligfant, fødd i 1952 og debuterte som forfattar i 1979. Fire bokutgivelsar mellom anna Ordakt som fekk Grafills diplom årets vakreste bok 1995. I seinare år ulike forestillingar saman med musikarar, billedkunstnarar og andre for å utforske tverrestetiske og mangkulturelle musiske uttrykk. Har også arbeida som frilansskribent og kritikar i tidskrift og dagspressa. Praksis som konsulent, redaktør, prosjektleiar og arrangør mellom anna av Mårenbiennalen. Forskningsarbeid omkring Gunnar Björling, den særeigne finlandsvenske poeten. Leiar av Non Plus Ultra som arbeidar tverrfagleg for å røre ved nye poetiske aspekt som ikkje let seg fange innafor ferdig definerte disiplinar.

 

“Tankelyrikk av sjelden kvalitet. Påfallende trekk er: åpne motiver, formell enkelhet og tematisk kompleksitet. Man må til kinesisk og japansk poesi for å finne lignende; likevel er diktene skrevet i og fra en vestlig forestillings- og tankekrets. Diktene er uvanleg gjennomarbeidede, fullendte, og når tidvis et høyt nivå. Bruken av det poetiske repertoiret er økonomisk og sikkert anvendt, noen av diktene er så enkle i utstyret at man først ikke merker at det går skred i dem.” (Arve Kleiva)

 

Nils Økland

Musikar (hardingfele, barokkfele, viola d’amore) og komponist, fødd 1961. Aktuell med ny soloplata Monograph (ECM 2009). Debuterte med Blå Harding i 1996 som vekte oppsikt i det uavhengige musikkmiljøet. Til saman fire eigne plateutgivelsar og deltakar på ei rekke andre artistar sine plater. Solist med ulike orkester og ensemble i dei fleste europeiske land. Leiar ved Ole Bull Akademiet i seks år og leiar for Harald Hårfagre Kammerorkester i Haugesund. Han har skrive musikk for teater, film, ballett og bestillingsverk for Osafestivalen, NRK, Sildajazz og Rikskonsertane. Nils Økland er ein nyskapande musikar som utvidar grensene for norsk tradisjonsmusikk ved å utsetje den for moderne impulsar samstundes som han tek med varme impulsar frå folkemusikken til den moderne klangverden. Han kombinerer fridom og improvisasjon med respekt for den musikalske arven.

 

"If this is holy music, it is for a space church, at once ethereal and heartily substantial." (The Wire, UK) "Ektefølt og heftig, det mest spennende energisenteret i norsk folkemusikk". (Dagbladet) "Historisk. Det er musikarar som Økland som vil bli hugsa som pionerar." (Spelemannsbladet)