• Bli bedre kjent med Tord Kalvenes

Vi har snakket med Borealis Ung Komponist- deltager Tord Kalvenes for å høre hvordan han har det, og hvordan hans Borealis Ung Komponist- opplevelse har vært så langt!

Hvordan går det og hva driver du med for tiden?

Med meg går det fint. No for tida møter ein jo lite folk og det er dårleg med konsertar. Men eg har også undervisning, eg jobbar med Borealis-verket og eg planlegger for framtidige prosjekt gjennom søknader. Vokalensemblet eg er engasjert i, Tabula Rasa, har også mange spanande ting på gong. Vi skal mellom anna vidareføre prosjekta Bedehus, Fred samt at vi held på å utvikle fleire andre prosjekt. Elles er det mykje tid med den lille familien med litt oppussing i huset.

Hvor er dere er i prosessen med Borealis Ung Komponist, og hvordan har det vært for deg så langt? 

Komponistane i programmet jobbar med ulike innfallsvinklar og er på litt ulike stadier, men det virker som at alle begynner å finne fram til ei retning. Eg skriv eit partitur basert på mange tekstkonstruksjonar som utøvarane har moglegheit til å tolke litt ulikt frå gong til gong. Dette legg opp til bruk av improvisasjon, noko som utøvarane er dyktig på. Samstundes ynskjer eg å ivareta eit sterkt eigarskap til verket gjennom at eg bestemmer både form, uttrykk, konsept og format (i det heile tatt). Prosessen har for meg vore heilt nydeleg, det er verkeleg eit privilegium å vere ein del av. Eg bruker høvet til å jobbe med å utvikle materialet mellom kvar workshop, men også underveis i workshopane. Eg blir inspirert av dei andre sine prosjekt, og vi har ein fin tone oss i mellom.

Hva er det som utfordrer deg med å være en del av BUK?

Det som utfordrer meg i BUK er at eg får utvikle meg sjølv i formater som eg har utvikla sterkare interesse for, særleg dei siste par åra, nemlig musikk som både eit auditivt og eit visuelt uttrykk. Eg syns det er kjempemoro og samstundes krevjande å leie mine eigne sessions, men syns metoden er heilt riktig for å skape det nødvendige eigarskapet til verket. Eg utfordrer meg sjølv til å utforske med ensemblet, lar dei komme med innspel og det skaper ein god samarbeidsdynamikk mellom oss. Ensemblet må eg seie har vore eksepsjonelt opne og flotte å jobbe med.

Når komponerer du? Og hva må du ha for å få det til?

Eg komponerer på forskjellige tider av døgnet, både på dag- og kveldstid, nokre gongar i små luker, andre gongar i større. Ofte har eg hatt gode arbeidstimar på kvelden (ikkje for seint) andre gongar på dagtid. Eg må ikkje ha noko særskild, men det er fint å ha det stille rundt seg, gjerne ein god kopp kaffi. Inspirasjonen kjem og går, men for meg pleier det også å hjelpe å notere ned noko dersom eg får ein idé, slik at eg kan strukturere det inn i verket.

Og til slutt, hva inspirerer deg for tiden?

Eg lar meg inspirere av folk eg møter og samarbeider med. Tabula Rasa er ein flott gjeng. Vi hadde til dømes nettopp ein workshop med Knut Vaage der Jostein Stalheim også var med. Vi har også jobba med Else Olsen Storesund, som har inspirert meg for korleis ein jobbar med å utforme eit musikalsk materiale. Eg lar meg også inspirere mykje av kona mi og vår 2 (snart 3) år gamle dotter, som er særs aktiv og kreativ. Elles prøver eg å oppsøke verk og anskaffe meg partitur på noko eg er nyfiken på med jamne mellomrom, ofte norske samtidskomponistar. Eg vil også trekke fram verdien av stillhet og ro i kvardagen, noko som sjelden eller aldri forekommer i ein hektisk kvardag. Verdien av fellesskapet med overtonar og det naturlege som ligg i det mellommenneskelege, samt dugnadsinnsatsen i tida vi lever i er også noko som inspirerar meg for tida.

Finn mer om Tord Kalvenes på hans egne hjemmeside, og vokalensemblet hans Tabula Rasa sin nettside.

Tweet This   Share this on Facebook